Sogndal kommune er ein mangfaldig kommune i vekst, og mange av stadane i kommunener prega av fortetting og utbygging. Samstundes er kommunen er rik på historie, enten det er knytt til jordbruket, rikssamlingsprosessar, urbaniseringsprosessar, organisasjonsarbeid, reiseliv eller samferdsle.
Kommunen går no i gang med å samkøyre kulturminneplanane i tidlegare Balestrand, Sogndal og Leikanger kommunar, og i samband med dette arbeidet ønskjer kommunen å få innspel til «nye» kulturminne som bør inn på planen.
Kulturminne og kulturmiljø utgjer eit viktig grunnlag i innsatsen for å gje innbyggarane kunnskap og eigarskap til både historia og utviklinga i kommunen. Kjennskap og tilgang til kulturminne bidreg til å skapa forståing for det samfunnet vi bur og lever i. Med andre ord: Å ta vare på og formidle kulturminne er viktig for å ivareta lokalt særpreg og identitet.
Vi ønskjer difor å strekke ut ei grå kommunal hand og invitere lag, organisasjonar og privatpersonar og alle interesserte til arbeidsverkstad 20. september klokka 19.00 i Blaoboxen i Sogndal kulturhus.
Programskisse
- Velkommen ved Håvard Ese Eliassen, kultursjef i Sogndal kommune.
- Betydning av kulturminne og kulturmiljø, Inga Lindstrøm og Berit Alise Høyvik, Vestland fylkeskommune.
- Kvifor er ein kulturminneplanen viktig for innbyggjarane? + kort gjennomgang av eksisterande planar, arkeolog Christoffer Knagenhjelm.
- Arbeidsverkstad.
- Innspel frå deltakarar - kva bør inn i den nye kulturminneplanen?
- Oppsummering og vegen vidare.
For lokalsamfunna i Fjærland og Balestrand/Fjordane vert det arrangert eigne lokale workshops der alle som ønskjer kan delta!
Utarbeiding av ny kulturminneplan er satsingsområde i Sogndal kommune sin kulturstrategi. Kulturminne som del av tettstadutvikling er også satsingsområde i kommunen sin samfunnsplan.