I det første prosjektet skal me gjere ei kartlegging av universelt utforma turstiar og møteplassar. Dette gjeld kartlegging av både godt tilgjengelege stiar og dei som foreløpig ikkje er like tilgjengelege. Me skal og sjå på korleis me kan gi ut informasjon om stiane på ein god og oversiktleg måte.
I det andre prosjektet skal me kartlegge og lage ein plan for friluftslivets ferdselsårer. Målet å lage ein plan for å identifisere, ivareta og utvikle friluftslivets ferdselsårer for å sikre eit attraktivt tilbod til innbyggjarane med tanke på folkehelse, livskvalitet, bulyst og reiseliv. Prosjektet vil i første omgang omhandle stiar og turløyper ein går til fots, og gjeld både nærturar og toppturar.
Desse prosjekta er tett knytt saman og me treng hjelp frå engasjerte innbyggjarar til å kartlegge no-situasjonen for dei mange stiane og løypene i kommunen. Dette gjeld både dei stiane som er eller kan verte universelt utforma og andre mykje brukte turstiar i tettstadane. Me vil og sjå på korleis utfordringar som aukar terskelen for å komme seg ut i naturen samt utfordringar knytt til tilrettelegging av utfartsområde og turstiar.
Dersom du ønskjer å bidra vil arbeidsverkstadane finne stad i følgande tettstadar frå klokka 1800-2000:
- Kaupanger, ViteMeir: Torsdag 19. mai
- Sogndal, Quality hotel: Tysdag 24. mai
- Leikanger, FUS i bankbygget på Hermansverk: Onsdag 25. mai
- Fjærland, bremuseet: Måndag 30. mai
- Balestrand, rådhuset 3. etasje: Tysdag 31. mai
Vel møtt!