Utsmykkinga er ei vidareføring av prosessen med å etablere eit minnesmerke etter hendinga med Arve Beheim Karlsen. Veggmåleriet av kunstnaren Giuseppe Miconi skal gje refleksjonar til tema som inkludering, toleranse og mangfald.

- Det me ser på veggen i dag er resultatet av eit imponerende arbeid, utført av en stillferdig kunstnar som gir alt han har, både til kunsten og til ungdommen, fortalde dagleg leiar Silje Forbes i Kunstbygda Balestrand.

Som ein del av arbeidet med utsmykkinga, har Sogndal vidaregåande skule gjennomført eit undervisningsopplegg for elevar. Forbes fotalde at målet er at det ikkje skal bli ei engongsmarkering, men eit årleg opplegg.

- For komiteen bak minnesmerket for Arve Beheim Karlsen og for Sogndal kommune, har det vore viktig å videreføra arbeidet med å minnast hendinga som skjedde for 25 år siden, sa Forbes under arrangementet i samband med avdukinga.

Programmet for opninga:

  • Musikk v/ Leif Aslaksrud, trombone
  • Opning v/ordførar Stig Ove Ølmheim, Sogndal kommune
  • Avduking
  • Sogndal vidaregåande skule – undervisningsopplegg og aktivitetar
  • Prosessen og arbeidet bak (og vegen vidare) ved Silje Forbes, Kunstbygda Balestrand
  • Presentasjon av kunstnaren Giuseppe Miconi
  • Presentasjon av og takk til sponsorar og støttespelarar ved Svein Arne Skuggen Hoff, Kunstbygda Balestrand