Arve Beheim Karlsen vart over tid utsett for mobbing, vald og rasisme. Seint fredag kveld 23. april 1999 vart Arve jaga av to jamaldringar som ropa rasistisk motiverte drapstruslar etter han. Tidleg om morgonen måndag 26. april vart Arve funnen død i Sogndalselvi.
I år er det 25 år sidan denne hendinga skaka heile landet. I den anledning skal det avdukast eit minnesmerke som skal stå ved Sogndalselva. Minnesmerket består av ein skulptur laga av kunstnar Tobbe Malm og eit dikt skrive av forfattar Brynjulf Jung Tjønn.
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery kjem til Sogndal for å vere med på markeringa ved Sogndalselva søndag 28. april kl 16.30. Kommunen håpar innbyggjarar, organisasjonar og bedrifter vil delta for å stø opp om ein bodskap som er like viktig i dag som for 25 år sidan.
Program for dagen:
Musikkinnslag: Kari Malmanger (song) og Inge Ronny Kvåle (gitar)
Diktlesing: Forfattar Brynjulf Jung Tjønn.
Velkommen: Ordførar Stig Ove Ølmheim
Tale: Kultur - og likestillingsminister Lubna Jaffery
Diktlesing: Forfattar Brynjulf Jung Tjønn.
Appellar:
- Familien til Arve, ved mor Kari Beheim Karlsen
- Leiar i ungdomsrådet, Emma Steinsland Hamre
- Russepresident ved Sogndal VGS, Martin Sva Wergeland
- Lokalpolitikar Laila Wigum, på vegner av Sogndal kommunestyre
Avsluttande ord: Ordførar Stig Ove Ølmheim
Musikkinnslag ved Kari Malmanger (song) og Inge Ronny Kvåle (gitar)