Landbrukstenester Sogn vil sikra seg kvalifisert arbeidshjelp viss det blir mange alvorleg sjuke bønder på same tid. I tillegg har dei fast tilsette landbruksvikarar.

Dei har fått bra respons og er i gang med å laga beredskapslister. Meld gjerne frå om du har ledig avløysar som kan ta ekstraarbeid hjå andre bønder.

På nettsida til Landbrukstenster Sogn kan nye avløysarar registera seg

Økonomi

Når du er sjuk og sjukmeld, er det avløysartilskot ved sjukdom, 1.670 kroner per dag, som skal dekka avløysarutgiftene dine. Avløysartilskot ved sjukdom kjem i tillegg til ordinært avløysartilskot. Dette er midlar som alt er lova over jordbruksavtalen i fjor.

Sjå gjeldande regleverk og les meir på nettsida til Landbrukstester Sogn.   

Landbrukstenester Sogn melder at målsetjinga deira er å hjelpa alle bønder som treng avløysar både i denne ekstraordinære situasjonen og generelt.

Landbrukstenester Sogn oppmodar bønder om å ta kontakt. Også her er dei for tida på heimekontor, men er å treffa å telefon og e-post.

Hovudoppgåva til Landbrukstenester Sogn SA er å skaffa kvalifisert arbeidskraft til landbruket i kommunane Lærdal, Aurland, Årdal, Vik, Sogndal og Luster. Landbrukstenester Sogn SA er eigd og styrd av medlemane i laget.