Ved å registrera reisetid mellom utvalde målepunkt, håper Nye Veier å få avdekka dei største trengselspunkta på riksveg 13 mellom Skare i Hardanger og Sogndal. I dette kartleggingsarbeidet vil dei som brukar vegen mest, kunne vera ei viktig kjelde til informasjon, skriv Nye Veier i ei melding.
Dei har installert målarar på strekninga for å måla reisetid. Resultata vil dei bruka for å treffa best mogeleg med utbetringstiltak på strekninga.
Målingane blir gjort ved at dei køyrande lastar ned ein app slik at reisetida mellom ulike punkt på strekninga, blir registrert. Desse fleire som lastar ned appen, dess berre blir målingane.
Meir informasjon om korleis du kan ta i bruk appen og kvifor Nye Veier har sett i gang dette prosjektet, finn du på nettsida til Nye Veier:
Trenger hjelp til å avdekke trengselspunkter på Rv 13 (nyeveier.no)