Sogndal kommune deltek i øvinga saman med sivilforsvaret, brann og politi.
Øvinga er i hovudsak ei teoretisk øving som går føre seg innandørs, men uniformert mannskap frå sivilforsvaret vil vera synlege i Sogndal sentrum under øvinga. Dei vil nytta køyretøy og anna materiell, og husstandar vil kunne få besøk av personar frå sivilforsvaret som del av øvinga.