Det er laga oppdaterte retningslinjer for besøk på sjukeheimane og omsorgssenter med heildøgnstilsyn (Prestahagen).

For å kunne gjennomføra besøk, må både bebuaren og besøkande forstå og følgja desse retningslinjene:

  • Du må avtala besøket på førehand. Ta kontakt med avdelinga.
  • Besøket kan vara i maksimalt 10 minutt.
  • Berre næraste pårørande kan koma på besøk, og maksimalt 2 faste besøkande.
  • Hald minimum 1, og helst 2, meters avstand mellom bebuaren og deg som er på besøk.
  • Du kan diverre ikkje ha med gåver, mat og drikke eller liknande under besøket. Me viser til eigne retningslinjer for dette. Kjæledyr kan heller ikkje vera med på besøk.
  • Ein av dei tilsette er «besøksvert», og vil følgja bebuaren til avtalt stad og halda seg i nærleiken under besøket.
  • Bebuaren og besøkande sit for seg sjølve, og kan ikkje omgåast andre bebuarar, besøkande eller tilsette.
  • Det er svært viktig å følgja grunnleggande smittevernrutinar, spesielt god handhygiene.

Merk:

  • Besøkande kan ikkje ha symptom på akutt luftvegsinfeksjon eller hatt nærkontakt med personar med bekrefta covid-19.
  • Besøkande kan ikkje ha vore utanfor Noreg siste 10 dagar.
  • Besøksverten vil be deg om å lesa og signera ei eigenerklæring før besøket.
  • Det er opp til institusjonen og avdelinga å avgjera kva for bebuarar som kan få besøk. Dette avheng av funksjonsnivået til bebuaren, og om han eller ho klarar å følgja råd og smittevernreglar.
  • Desse retningslinjene er til for å beskytta sårbare pasientar og bebuarar mot potensielt livsfarleg smitte. Takk for at du følgjer dei.

Me gler oss til å ønskja dykk velkomne att!