Dette er i tråd med rettningslinene frå Helsedirektoratet som seier at det no er naudsynt med adgangskontroll og besøksstogg i alle landets offentlege og private helse- og omsorgsinstitusjonar, samt i fellesareal i omsorgsboligar med vidare for å beskytta sårbare pasientar og brukarar mot smitte av koronavirus.
Dette gjeld også for støttekontakter, men dei kan følgja opp med telefonstøtte og handling og andre type oppgåver knytte til brukarane.
Helsedirektoratet har sendt brev til alle kommunane i landet for å streka under kor viktige desse tiltaka er.
Sogndal kommune ber på det sterkaste pårørande og andre om å respektera besøksforbodet.
Unntak
I nokre tilfelle vil det vera behov for å gjera unntak slik at pårørande får besøka sine nærmaste. Døme på dette vil vera pårørande til kritisk sjuke pasientar eller ledsagar til born og fødande. Når ein gjer unntak, må helseinstitusjonen i kvart enkelt tilfelle strengt vurdera betydningen av besøket opp mot risiko for smitte, skriv Helsedirektoratet.
I Sogndal kommune har me stor forståing for at eit slikt besøksforbod kan vera vanskeleg både for bebuarane på omsorgsinstitusjonar og dei pårørande. Me vil så langt det let seg gjera hjelpa til med å oppretthalda kontakten gjennom telefonsamtalar eller på andre måtar. Ta gjerne kontakt med institusjonen viss du har spørsmål, men me håper også på forståing for at det i tida framover vil vera stort press på dei tilsette i desse tenestene.
Reduserer talet på besøk
Heimesjukepleien og heimehjelpane i kommunen må i tida framover redusera talet på besøk, det vil seia at dei pasientane som berre har tilsyn, blir ringde på telefon til i staden for at dei får fysisk besøk. Frå omsorgstenesta i kommunen vert det undrestreka at det no er viktig at pårørande stiller opp og hjelper oss gjennom denne perioden, ved at dei snakka med og gjer ulike ting for sine.