MOT til å glede-dagen er en ekstra bevisstgjering på å ha mot til å bry seg, og det blir gjennomført glede-aktivitetar på skuler over heile landet. Sogndal kommune er ein «Kommune med MOT», og markerer sjølvsagt MOT til å glede-dagen.
Betyr meir enn du trur!
MOT ynskjer å skape eit varmare og tryggare samfunn – kvar alle blir sett og inkludert. Vi har alle eit ansvar for å bidra til dette, så kvifor ikkje ta del i MOT til å glede-dagen, og gjere ein liten innsats? Det kan bety meir enn du trur!
Dagen i dag handlar om glede andre med enkle midlar. Vi vil utfordre alle til å glede nokon dei møter i dag. Sei hei til naboen, smil til alle på din veg, ta en telefon til en ven du ikkje har sett på ei stund, besøk bestemor, fortel vener kvifor du set pris på dei eller gjer noko hyggeleg for en framand? Moglegheitene er uendelege!
Årets markering
Ungdomsskulane i kommunen vil markere dagen lokalt. Ordførar Stig Ove Ølmheim m/fleire vil besøke Kaupanger skule og delta på opplegget der. Det blir felles lunsj med ungdomstrinnet og underhaldning frå bandskulen. På Leikanger ungdomsskule vil lærarane ta imot elevane med musikk og frukt før skuledagen startar, og det blir kake til alle i løpet av dagen.
Oppfordring til alle
Vi har alle eit ansvar for å skape et trygt samfunn. Vi vil oppfordre alle til å tenke litt utanfor boksen under årets MOT til å glede-dag. Kjenner du nokon som sit åleine og som ikkje har så stort nettverk rundt seg, så er det akkurat dei du skal hugse på i dag. Ha litt ekstra fokus på å seie hei, gje eit smil, ein tommel opp og kanskje til og med ein klem til nokon som treng det. Det kan krevje litt ekstra mot, men glede smitter og verdien til saman blir veldig stor. Dersom kvar og ein bidreg til å spreie litt glede, store som små, trur og håpar vi at vi saman klarer å skape eit varmare og meir inkluderande lokalsamfunn!
MOT Norge og MOT til å glede-dagen
- MOT til å glede-dagen har blitt arrangert sidan 2004.
- Over 75.000 elever har MOT på skulen.
- MOT styrker ungdoms robustheit og mot gjennom livsmeistringsprogram i skulen.
- Undersøkingar viser at MOT på skulen bidreg til: mindre hyppig mobbing, færre ungdom utan ein einaste venn, mindre psykiske vanskar og mindre hyppig rusmisbruk.