Denne hausten utarbeidar kommunen ein kulturstrategi som skal syne veg fram mot 2030. Samstundes er ein strategi for samfunnsutvikling (rullering) og frivillig arbeid i startgropa.

No skal det gjennomførast lokale innspelsmøte. I desse møta vert det ein kort presentasjon av arbeidet før kulturinteresserte personar, lag og organisasjonar får høve til å påverke arbeidet med strategiane.

Her er nokre stikkord for aktuelle tema:

  • frivillig arbeid si rolle i kultur- og samfunnsutviklingsarbeidet
  • kva som er viktig for lokalmiljøa innan frivillig kulturliv og samfunnsliv elles
  • andre tema: Kulturmidlar, arrangement, møteplassar, inkludering/rekruttering m.m.

Ynskjer du meir informasjon, sjå Kulturstrategi (utfordrarbygda.no)   

Møteplan

Dag, stad: Tysdag 04. oktober, Bygdahuset, Fjærland

Tid: 19.30 – 21.30

Dag, stad: Torsdag 6. oktober, De Heibergske samlinger, Kaupanger

Tid: 18.00 – 20.00

Dag, stad: Måndag 17. oktober, Ungdomshuset Leikvang, Leikanger  

Tid: 18.00 – 20.00

Dag, stad: Tysdag 18. oktober, Kulturhuset, Sogndal 

Tid: 18.00 – 20.00

Dag, stad: Torsdag 20. oktober, Bygdahuset, Balestrand

Tid: 18.00 – 20.00