Tusen takk til alle dei frivillige som er med og bidrar til kjekke aktivitetar og skapar gode møteplassar for barna og unge på Leikanger. Me ser fram til mange kjekke stunder med store smil, latter og inkludering. Håpar mange vil nytte seg av tilbodet og melde seg på.
Me har vore så heldige å fått midlar frå Gjensidigestiftinga til å arrangere sommaraktivitetar for barn og unge i sommarferien. Alle aktivitetane er heilt gratis å delta på.
Påmelding skjer ved å sende mail direkte til e-postadressa som er oppnevnt i den aktiviteten du ønsker å melde deg på. Dersom du har nokre spørsmål til aktiviteten eller andre ting, så ta kontakt med personen som er kontaktperson på den aktuelle aktiviteten.
Oversikt over aktivitetane du kan bli med på, finn du på nettsida til Leikanger frivilligsentral