Det har vore fleire vasslekkasjar i området, og vass- og avløpsleidningane på strekninga vil difor bli bytte ut. I samband med dette arbeidet vil vatnet i periodar bli stengt.
Mellombels vassforsyning vil bli lagt opp til husstandane som vert råka. Synfaring for dette blir gjort torsdag 3. september. Huseigarane treng ikkje vera til stades under denne synfaringa. I dei tilfella der arbeidet kjem i konflikt med utkøyrsler, vil huseigarane bli kontakta på førehand for å avklara alternativ innkøyring.
Vegstrekninga vil vera stengd for gjennomkøyring i perioden arbeidet går føre seg.