På grunn av den noverande situasjonen rundt koronaviruset har Sogndal kommune valt å stengja dagsturhyttene i kommunen på ubestemt tid.
Dette vert utført på lik line med andre tiltak for å hindra smittespreiing i samfunnet vårt. Hyttene vil opnast igjen når me meiner risikoen for smitte er låg nok til at dette er forsvarleg.
Ved spørsmål kan du ta kontakt med Eilif Ullestad Rosnæs, 57652590 eller eur@sogndal.kommune.no .
Me ønskjer deg og dine likevel god tur og velkomen tilbake ved eit seinare høve!