Området som blir stengt, er synt på vedlagt kart, med omkøyring om Gildevangen og Elvebakken. Alle som bur i området, vil kome til eigedomane sine.
Dersom nokon likevel mistar parkeringa si, kan dei sende e-post til postmottak@sogndal.kommune.no innan 1. juli 2021, og merke e-posten «parkering Lægreid mimrefestival» med skildring og kart/foto.
For info om programmet elles sjå arrangementet si heimeside.