Hukommelsesteama i Sogndal og Luster kommune invitera årleg til kurs for pårørande til personar med minnesvikt/demenssjukdom. Kurset arrangerast i samarbeid med Frisklivssentralen Sogn og Indre Sogn demensforening og er gratis. 

Kurset er eit tilbod til deg som har eit familiemedlem, ein ven eller kjenning med demenssjukdom. Minnesvikt og endra veremåte er vanlege symptom ved demenssjukdommar. Gjennom førelesingar, plenums- og gruppesamtalar får du kunnskap om demenssjukdommar, og kva følgjer sjukdommen kan ha for personen med demens og for deg som pårørande. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.

Kursinnhald:

  • Pårørandeforteljing
  • Fysisk aktivitet og demens
  • Kommunikasjon med personar som har demens
  • Hjelpemiddel, tilrettelegging i heimen og velferdsteknologi
  • Tilbod i kommunen i regi av offentlege og frivillige organisasjonar
  • Korleis ivareta eiga psykisk helse som pårørande
  • Sjukdomslære - fastlegen si rolle
  • Erfaringsutveksling

Praktisk informasjon om kurset:

Kurs for 2024 er gjennomført, info om kurs for 2025 kjem. Kurset går over 5 samlingar, og kvar samling varar ca. 2,5 time. Samlingane inneheld dagens tema, matpause og samtale med utgangspunkt i dagens tema eller om demens generelt.


Ved spørsmål kan du ringe:
95893641 (Frisklivssentralen)
40410786 (Hukommelseteamet Sogndal/Balestrand)
48954941 (Hukommelseteamet Leikanger)
48253698 (Hukommelseteamet Luster)

Gode nettsider:

Pårørande demens- aldring og helse

Pårørandesenteret

Ungepårørande (7-18år)

Å vere pårørande til person med demens (HelseNorge)

Råd frå fagfolk- demenslinja (Nasjonalforeningen for folkehelse)

Generelt om rettigheitar til pårørande (HelseNorge)

Demensplan 2025- handlingsplan frå regjeringa