Ordninga gjeld for alle som oppheld seg innanriks (utanom på Svalbard og Jan Mayen), men er meint som ei ordning for dei som ikkje har høve til å røysta i den ordinære førehandsrøysteperioden eller på valdagen.
Oversikt over røystelokale og opningstider
Du kan tidlegrøysta og førehandsrøysta i den kommunen du vil, men på valdagen kan du berre røysta i den kommunen du er folkeregistrert som busett i per 30. juni 2021. Du kan berre røysta ein gang.
Hugs legitimasjon
Du må ha med legitimasjon når du skal røysta.
Døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete. Kravet er at legitimasjonen inneheld namn, fødselsdato og bilete.
Ordinær førehandsrøysting frå 10. august
NB! Dei ordinære røystesetlane er ikkje ferdige til tidlegrøystinga, så du kan berre røysta på eit parti og ikkje gjera endringar på lista.
Røystesetlane vil vera klare til den ordinære førehandsrøystinga som byrjar 10. august og varer til 10. september.
Oversikt over lister og kandidatar for Sogn og fjordane valdistrikt