Måndag vart forskalinga til den nye gang- og sykkelbrua over Sogndalselvi heist ut og festa ved hjelp av dukkarar i fjorden.
Tysdag skal dei første brupilarane støypast.
- Det er stor interesse for prosjektet, og det er kjekt at innbyggarane engasjerer seg i utviklinga av Sogndal sentrum, seier prosjekt- og byggjeleiar Eirik Rygg i Sogndal kommune.
I samband med arbeidet med brua er det fylt ut anleggsveg frå begge sider av elva.
- Utfyllinga av anleggsvegane er gjort på ein slik måte at me får utført det meste av arbeidet frå land, men samstundes er dei so låge at elva kan strøyma fritt over dei ved flaum. Me har gravemaskiner ståande i beredskap for fjerning av anleggsvegane dersom det skulle vera risiko for flaum, fortel Rygg.
Det er firmaet Consolvo som har kontrakt med Sogndal kommune på byggearbeidet. Stiv Kuling og Nordplan har prosjektert og planlagt brua.
Arbeidet med den nye brua starta i september, og var opphavleg planlagt ferdigstilt til jul. Ferdigstillinga er no utsett til februar/mars.
- Grunnen er at me ønskjer å venta på ein prototype av rekkverket slik at me kan sikra kvalitet og utsjånad før heile rekkverket vert sett i produksjon. Rekkverket vil vera ein viktig estetisk formgjevar inn mot det planlagde området rundt Lerum Brygge. Kommunen har her saman med Veidekke eit godt samarbeid, og det blir utforma eit område med leikeplass for god trivsel.