Personen, som er fullvaksinert, er tilsett i Sogndal kommune og var på arbeid på Sogndal helse- og omsorgssenter (SHOS) 16/8 og 17/8.
Det er gjennomført testing av kollegaer og nokre pasientar onsdag kveld, og alle hurtigtestane var negative. Smittesporing er gjennomført, og nærkontaktar er sette i karantene. Smittevegen er kartlagd, og smitten kjem frå ein annan kommune.