Stortinget har vedteke at dei som mottek sosialstønad i desember får ekstra stønad til jul.

Stortinget si ekstra løyving tilsvarar tusen kroner ekstra pr. mottakar av sosialhjelp og tusen kroner ekstra per barn under 18 år i hushaldet. Dette kjem i tillegg til andre ordningar.

For å ha rett til den ekstra julestønaden må du ha motteke, eller vil motta økonomisk stønad i desember 2022. Du treng ikkje sette fram eigen søknad om ekstrastønaden.

NAV Sogndal har allereie betalt ut ekstra stønad til dei som har fått utbetalt sosialstønad tidlegare i desember. Dei som ikkje har fått svar på sin ordinær søknad for desember, vil få ekstrastønaden utbetalt i same vedtak før jul.

Dersom du meiner at du kan ha rett til denne ekstra ytinga og ikkje har motteke utbetaling innan utgangen av desember, må du ta kontakt med NAV på telefon 55 55 33 33. NAV Sogndal vil då behandle førespurnaden din.

 

 Her kan du lese statsrådens brev til kommunane og statsforvaltarane:
Ekstra stønad i desember 2022 | Statsforvaltaren i Vestland (statsforvalteren.no)