Oppdatering 01. nov klokka 11.00:
Kriseleiinga vert avvikla og kommunen går attende til vanleg drift.
Det er framleis eit gjeldande farevarsel som vi ber innbyggjarane vere merksame på.
Oppdatering 01. nov klokka 06.50:
Fri ferdsel på Riksveg 13 mellom Leikanger og Sogndal.
Oppdatering klokka 23.30:
Riksveg 13 Bondeviki stengt grunna jordras. Ny vurdering 1. november kl 06.00.
FjordX går kriserute i morgon 1. november:
Avreise Ylvisåker 05:00
(Kan via Hanahaug)
Avreise Vangsnes 06:00
Avreise Feios 06:30
Avreise Vangsnes 07:00
Avreise Hanahaug 07:15
Ankomst Sogndal 08:15
Det er per no ikkje meldt om kritiske hendingar. Kriseleiinga er i observasjonsfase utover natta.
Ambulansebåt er i beredskap i Balestrand for Indre Sogn.
Redningsskøyta på Leikanger er i beredskap.
Alle skular og barnehagar er stengde 1. november grunna planleggingsdag.
Det er stigande vassføring og stor rasfare. Sjølv om regnet skulle avta, vil ikkje skredfaren vera over. Me oppmodar innbyggarane om å visa varsemd, og følgja med på veg- og vêrmeldingar.
Oppdatering klokka 15.10:
Barnehagar og SFO vil vere opne og bemanna fram til føresette har fått moglegheit til å hente borna sine.
Ordføraren oppmodar alle innbyggjarar om å utsette Halloween-arrangement til veret har roa seg
Oppdatering klokka 13.40:
Viktige oppmodingar i samband med versituasjonen no:
- Unngå unødig fersel på vegane, oppmodar politiet. Hald deg oppdatert på varselet der du bur på www.varsom.no.
- Må du ut på vegane? Nokre vegar er stengde, andre kan bli stengde på kort varsel. Sjekk oppdaterte vegmeldingar på www.vegvesen.no.
- Gjer gjerne førebyggande tiltak som kan bidra til at vatnet kan renna fritt i det naturlege løpet. Det kan til dømes vera å reinse stikkrenner, rister, kulvertar, bekker og andre vassvegar på eigedommen din.
- Hald god avstand til elevar og bekkar, oppmodar NVE. Store mengder nedbør gjev stor vassføring, og det kan raskt oppstå erosjonsskadar eller flaum, eller bekker/elver kan ta nye løp.
Oppdatering klokka 12.15:
Kommunen har delteke på møte med Statsforvaltaren og hatt møte i kriseleiinga. Kommunen jobbar med forebyggende tiltak og observerer situasjonen fortløpande.
Me oppmodar innbyggjarane om å melda frå om hendingar, bekkeløp og andre ting som dei observerer.
- Du kan melda frå digitalt: Meld frå om feil og manglar
- Vakttelefon veg: 95 75 18 76 (meldingar om riksvegar og fylkesvegar til 175)
- Teknisk drift Leikanger (vakttelefon utanom kontortid): 90 82 76 30
- Teknisk vakttelefon Balestrand (vakthavande utrykkingsleiar brannvesenet): 91 10 71 33
Me har faste oppmøtestadar i Sogndal kommune ved bortfall av telefon / viss all kommunikasjon er nede. Dette er stadane innbyggarane kan møta og få kontakt med kommunen og ambulanse/politi/brannvesen:
- Sogndal: Sogndal helse- og omsorgssenter
- Leikanger: Leikanger sjukeheim
- Balestrand: Balestrand helsetun
Oppdatering klokka 07.45:
Politiet gjekk torsdag kveld ut med ei melding der dei oppfordrar folk til å unngå unødig ferdsel på vegane i samband med ekstremvêret.
Statens vegvesen ber deg følgja med på trafikkmeldingar på www.vegvesen.no/trafikk for det området der du er, og vurder om du faktisk må ut og køyra eller om reisa kan utsettast.
Informasjon onsdag 30. oktober:
Det er venta ekstremt mykje regn i midtre og indre strøk av Vestland fylke. Torsdag er det venta lokalt 120-180mm/24t, og det er difor sendt ut farevarsel på raudt nivå.
Meteorologisk institutt melder at det er venta høge temperaturar og høg snøgrense heile torsdagen, så det vil regna til topps i farevarselområdet. Noko snøsmelting og metta jordsmonn vil auka faren for konsekvensar som til dømes overvatn, flaum og skred. Det er meldt om flaumfare og jord- og flaumskredfare på raudt nivå. Natt til fredag vil nedbøren gå over til byger og avta, først i nord, men rasfare vil venteleg vedvare ei tid ut over det.
Hald deg unna små og store bekkar og elvar. Du må også vera budd på at vegar kan bli stengde på kort varsel, og at straumen kan bli borte.
Bur oss på ekstremvêr
Kriseleiinga i Sogndal kommune er i observasjonsfase og følger utviklinga tett.
Tenestene i Sogndal kommune bur seg på ekstremvêret.
Me vil tilby digital heimeundervisning torsdag for elevane frå Fjordane og dei elevane frå Fjærland som går på Kvåle skule. Fredag 1. november er det regional planleggingsdag for barnehagar og skular. Barnehagane vil vera opne torsdag, og foreldre må sjølve vurdera situasjonen.
Tekniske tenester er ute for å sikra at slukar og grøfter er opne. Dei aukar opp bemanninga i samband med ekstremvêret som er meldt.
Heimetenestene planlegg og riggar seg for situasjonar som kan oppstå.
Møta i formannskapet og finansutvalet som skulle vore 31. oktober, er utsett til 6. november.
Farevarsel
I farevarsel for jord- og flaumskred står følgjande som me gjer merksam på:
Konsekvens
Svært mange skredhendingar er forventa. Fleire kan få store konsekvensar. Store hendingar kan nå busetnad, veg eller jernbane. Flaumskred har lang rekkjevidd og kan gå ned i dalbotnen sjølv om det blir løyst ut høgt i terrenget.
Råd
Hald deg oppdatert om utviklinga av vêret, skred- og flaumsituasjonen, og følg med på vêrradaren. Hald deg unna bratte skråningar, og dessutan bekkar og elveløp med stor vassføring. Hald stikkrenner, kummar og andre vassvegar fri for snø/is, grus, søppel, kvist og lauv. Tette vassvegar med oppdemma vatn kan forårsaka skred. Beredskapsstyresmakter må vera førebudd på at også busetnad og infrastruktur elles kan bli utsett for alvorlege hendingar.
Skildring
Det er svært venta store nedbørsmengder, stadvis opp mot 120-180 mm/døgn. Grunnvasstanden i bakken er alt høg, og temperaturstigning i kombinasjon med sterk vind i fjellet vil bidra til snøsmelting. Det er stor fare for jord- og flaumskred i varslingsområdet. Bratte skråningar, og dessutan bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsett.
Sjå www.varsom.no for meir informasjon: Varsler om naturfarer i Norge | Varsom.no
Denne veka er den nasjonale eigenberedskapsveka. Er du budd viss noko skulle skje? Slik bidreg du til beredskapen i Noreg