Elevane blei utfordra på å levera sine perspektiv på korleis Sogndal kommune vil sjå ut i 2050, med søkjelys på berekraft og digitale løysingar. Bidraga skulle leverast i form av byggverk og visjonar i Minecraft.
- For nokre bidrag me fekk inn! Jurygruppa er enormt imponerte over alt arbeidet som er lagt ned, over alle dei kreative løysingane - og ikkje minst over kor bevisste elevane er kring berekraft og framtidig energiproduksjon, seier jurymedlem og ordførar Arnstein Menes.
8A ved Kaupanger skule vann klassen 5.-10. trinn. (Foto: Kaupanger skule)
Vinnarbidrag 1.-4. trinn: 4A ved Leikanger barneskule
Vinnarbidrag 5.-10. trinn: 8A ved Kaupanger skule. Rett namn i slutten av videoen er Ronja Hjelmhaug Sjøthun.
Imponert over innsatsen
Kvar skule hadde sin eigen jury som valde ut bidraget som skulle representera skulen i finalen. Denne veka vart vinnarane frå utfordringa kåra, og to heldige klassar vann kvar sin 3D-printer til skulen sin.
Vinnarane vart 4A ved Leikanger barneskule og 8A ved Kaupanger skule.
- Dei utvalgte bidraga skilde seg ut ved å vera både kreative, nyskapande og spennande, samstundes som dei hadde greidd å tenkja på og bevara heilheita i lokalsamfunnet, seier Menes, og strekar under at juryen vart svært imponerte over alle bidraga.
- Juryen takkar for alle innleverte bidrag. Me synest samtlege bidrag var veldig gode, og me er utruleg imponerte over innsatsen både elevar og lærarar har lagt ned. Det blir garantert spennande å bu i Sogndal kommune i 2050, seier ordføraren.
Har fått gode innspel
I juryen sat Arnstein Menes (ordførar), Ole Gunnar Krakhellen (kommunalsjef oppvekst), Joakim Systaddal (avdelingsleiar samfunn og næringsutvikling), Bjarnhild Samland (assisterande kommunalsjef skule), Sigrid Ølmheim (samfunnsplanleggjar) og Bente Mossige Ask (prosjektleiar og pedagogisk ikt-rådgjevar).
Jurygruppa har henta mange gode innspel og mykje inspirasjon til arbeidet med både digitaliseringsstrategi, samfunnsplan og andre kommunale prosjekt frå dei ulike bidraga.
- Ikkje minst ser me at dette kan vera ein god metode for å inkludera barn og ungdom sine innspel til det kommunale planarbeidet framover - så kanskje kjem det fleire utfordringar på sikt, seier Sigrid Ølmheim, samfunnsplanleggjar i Sogndal kommune.
Satsar digitalt
Det siste året har det blitt innført mange nye digitale løysingar i Sogndalsskulen, og alle elevane i Sogndal kommune no har tilgang til sin eigen berbare PC eller iPad. I tillegg har ein satsa stort på Microsoft si M356-løysing, som mellom anna gir tilgang til skybasert lagring og digital samhandling gjennom e-post og Teams.
M365-lisensane dekkjer også bruk av Minecraft Education Edition (MEE). Minecraft er eit svenskutvikla sandkassespel som lar spelarane byggja og riva ned konstruksjonar av kubar i ei tredimensjonal verd. Minecraft Education Edition er ei spesialutgåve av dette spelet, tilpassa for bruk i undervisning.
Nettverk av lærarar
For å henta ut potensialet i dette verktøyet, har det vorte gjennomført eit innføringsprosjekt for interesserte lærarar. Til prosjektet har kommunen fått støtte frå Foxway og Microsoft Norge, noko som har resultert i totalt fire dagar med digital kompetanseheving og eit nettverk av lærarar som no har utvida kunnskap om bruk av Minecraft i undervisning.
Utfordringa elevane fekk om å byggja «Sogndal 2050», var ein del av dette prosjektet.
4A ved Leikanger barneskule
- Bidraget inneheld mange flotte bygg med klimavenlege løysingar, og er presentert på ein oversiktleg og god måte.
- Juryen vart særskilt imponerte over det lure systemet for handtering av bos! Her har klassen designa eit skikkelig lurt, realistisk og gjennomtenkt system som dei har bygd og forklart på ein tydeleg og god måte.
- Det flotte idrettsanlegget, som inneheld mange ulike aktivitetar slik at alle kan finne noko dei har lyst til å gjera, og den fine fjordstien med badeplass og stupetårn, var gode innspel til kommunen.
- Det var også veldig kjekt å få lesa litt om læringsmåla som låg bak prosjektutforminga i klassen, samt litt om prosessen elevane har vore gjennom, i tekstvedlegget til bidraget.
8A ved Kaupanger skule
- 8A sitt bidrag kan rett og slett nesten brukast som ein reklamefilm for det framtidige lokalsamfunnet i Kaupanger. Bidraget viser eit særs godt blikk for kva som vil kunne vera ekstra viktig å ivareta og tenkje på dei neste 30 åra.
- Bidraget inneheld ei rekke innovative og kreative løysingar, med gode koplingar mot klima og bærekraft.
- Juryen la vekt på at det var utruleg flott å sjå korleis gruppa har tenkt gjennom korleis alt bør henga saman i eit lokalsamfunn. Her er det fokus på gjennomtenkte løysingar som viser realistiske tankar for framtida, samstundes som kreativiteten absolutt skin gjennom heile vegen.
- Juryen var vidare imponerte over kor innhaldsrikt og detaljert bidraget var. Kombinert med ein meget god presentasjon i videoform var det ikkje tvil om at dette var eit vinnarbidrag.
- Juryen sette også pris på korleis presentasjonen avslutningsvis fokuserer på prosessen elevane har vore gjennom i dette prosjektet, der dei både har synest at det har vore kjekt, men også har møtt på utfordringar der dei gjennom diskusjon har blitt einige om gode løysingar. Det beviser berre at dei gjennom samarbeid har fått til mykje meir enn dei kanskje hadde klart åleine.