Samarbeidsaktørane er no på plass, og me takkar alle som ynskjer å bidra.
I samband med nedstenginga av skular og fritidstilbod som følgje av korona i 2020 og 2021, har regjeringa i år gitt ekstra bevillingar til kommunar for å arrangera sommarskule.
Oppvekst-sektoren i Sogndal kommune har difor planar om å arrangera ein sommarskule dei fyrste vekene i sommarferien. Og me etterspør difor lokale aktørar som vil vera med og arrangera.
Ungdomsavdelinga i Sogndal kommune vil kobla på sine ferieaktivitetar i dette tilbodet, og me vonar me får eit breitt og godt tilbod for alle barn og unge i kommunen. Alle lag, organisasjonar, og næringslivsaktørar som kan tilby noko til barn og unge, blir oppfordra til å ta kontakt med ungdomsavdelinga innan 12. april (eller snarast) for vidare samarbeid. (Til dømes idrettslag, 4H,kunst, skyttarlag, kor, reiseliv, korps, ungdomslag, bygdelag, lokale bedrifter)
Kva går sommarskulen ut på?
- Sommarskulen vil vera eit sosialt, kulturelt og fagleg tilbod for barn og unge i grunnskulealder i nye Sogndal kommune.
- Sommarskulen vil vera gratis for alle deltakarane.
- Tilbodet vil ha fokus på praktisk tilnærming til skulefag,og på å kombinera dette med det sosiale og kulturelle.
Ta kontakt med ungdomsavdelinga i Sogndal kommune for spørsmål eller anna.
Maria Kalstad Brun: tlf 41160148, e-post: maria.kalstad.brun@sogndal.kommune.no
Rønnaug Breie: tlf: 99286153, e-post: ronnaug.breie@sogndal.kommune.no