Ved å laste ned ein app i App Store eller på Google Play, vil du alltid ha følgjekortet tilgjengeleg på telefonen.

Følgjekort er eit tilbod til menneske med nedsett funksjonsevne, som treng å ha med følge på kultur- og fritidsarrangement. Følgjekortet gir den funksjonshemma sitt følgje fri eller rabattert tilgang til kultur- og fritidsaktivitetar, i tillegg til visse transportmiddel. Innehavar av kortet må betale for aktiviteten/reisa sjølv. Du kan bruke følgjekort på dei stadene som har innført følgjeordninga. Arrangørar som godtek følgjekort, vil ofte informere om dette på nettsidene sine, og ved inngangen til arrangementet. Følgjekort gjeld i heile landet, men tilbodet varierer frå kommune til kommune og frå arrangør til arrangør.

Dersom du er innvilga følgjekort, og ynskjer at me skal opprette digitalt følgjekort kan du ta kontakt med tildelingskontoret på telefon 40 02 29 70 i telefontida. Me vil fortsetje å tilby fysisk følgjekort (plastkort) til dei som ikkje har telefon eller som ikkje kan bruke telefon.

Les meir om følgjekort