Kvaliteten på vatnet i Stedje høgdebasseng har vore varierande, og kommunen har sidan slutten av oktober valt å klora drikkevatnet i dette området.
Trykkaukestasjonen som forsyner Øvre Stedje er no oppgradert med utstyr som gjer det mogleg å stenga ute Stedje høgdebasseng, og me vil derfor avslutta tilsettinga av klor for området.
Øvre Stedje blir no forsynt direkte frå trykkaukestasjonen, noko som kan føra til variasjonar på trykket for abonnentane. Dersom me får utfordringar med gjentakande utstabilt trykk, vil me gå tilbake til å nytta høgdebassenget som trykkregulator, og då vil kloringa måtte halda fram ei tid til. Innleiande testar har vist lovande resultat, so me håpar å unngå dette.
Kommunen vil fylgja drifta av anlegget nøye gjennom juletida.