Sogndal kommune opplever stor pågang på telefonen til legekontora. Mange har spørsmål om vaksine. Dei som skal få 3. dose kronavaksine, vil bli kalla inn når det er deira tur.
Koronasmitten i Noreg aukar kraftig, og regjeringa innfører nye nasjonale smitteverntiltak for ikkje å overbelasta helse- og omsorgstenesta og beskytta kritiske samfunnsfunksjonar.
Strengere nasjonale tiltak for å begrense smitten - regjeringen.no
Dei forskriftsfesta tiltaka trer i kraft frå natt til onsdag 15. desember. Tiltaka gjeld inntil vidare i fire veker.
Sogndal kommune følgjer dei nasjonale anbefalingane og tiltaka og vil tysdag ettermiddag koma attende til kva dette vil bety for dei kommunale tenestene våre.