Denne veka gjennomførte Fylkesmannen, i samarbeid med NVE, eit telefonmøte med kommunane og aktørane i fylkesberedskapsrådet om vårflaumsituasjonen i fylket.
Vêrforholda i tida som kjem, vil vera avgjerande for korleis situasjonen utviklar seg. Faren for flaum vil auka viss det kjem regn og mildvêr samstundes.
NVE følgjer situasjonen og vil gjera vurderingar fortløpande. Det er viktig at å vera budd på at situasjonen kan vara ei god stund framover.
I Vestland er det dei indre områda som er særleg utsette, opplyser Fylkesmannen.
Folk vert mellom anna oppmoda om å
- reinska mellom anna vassvegar og stikkrenner
- flytta unna lagra utstyr/rundballar og anna som står langs vassdrag
- gje tilbakemelding på kjende kritiske punkt knytt til infrastruktur
- ta kontakt med kommunen om situasjonen vert slik at det vert utrygt der dei bur
Meir informasjon finn du på nettsidene til Fylkesmannen i Vestland