Det er også meldt mykje nedbør.
Kommunen følgjer situasjonen nøye og vurderer kontinuerleg beredskapstiltak som er naudsynte.
Det blir tilbod om digital heimeundervising fredag 2. februar for elevane ved Fjordtun, Sagatun, og elevar på Kvåle skule busett i Fjærland.
- Me tilbyr digital heimeundervisning i desse områda for dei som ynskjer det, seier ordførar Stig Ove Ølmheim.
Barn ved Fjordtun barnehage kan få barnehagetilbodet sitt ved Sagatun barnehage.
Dei føresette får melding om dette direkte frå skulen.
Statens vegvesen melder om at vegar kan bli stengde. Me oppmodar innbyggarane om å følgja med på varsom.no og Statens vegvesen si informasjonside for vegmeldingar 175.no.