- Det er meldt mykje nedbør, og slik det ser ut no, kan det blir særleg mykje nedbør i Balestrand og i fjella over Balestrand, seier ordførar Stig Ove Ølmheim.
Det er knytt usikkerheit til varselet. Det kan endra seg, og det ikkje er sikkert at all nedbøren som er meldt, kjem over Balestrand. Også Sogndalsdalen er mellom områda som er særleg utsette.
Bekkefar og vegar
- Men me ber folk vera føre var, og halda seg unna sentrumsnære bekkefar. Det er mykje is i terrenget som vatnet kan ta med seg og som kan tetta att bekkefar. Vatnet kan då hopa seg opp eller ta andre løp. Generelt oppmodar me innbyggarane om å følgja med på vêret og vêrmeldinga, og vurdera om det i alle fall i periodar laurdag kan vera best å halda seg i ro. Vegvesenet melder at vegar kan bli stengde på kort varsel, seier ordføraren.
Farevarselet for snøskred er på raudt nivå.
- Med det snøskredvarselet og vêrsituasjonen som er meldt, bør ein vurdera nøye om dette er tida for å ferdast i fjellet, er oppmodinga frå ordføraren.
Meteorologisk Institutt melder at det for indre og midtre deler av Vestland laurdag vil vera fare for stengde vegar og overvatn ved bekke- og elveløp. Det er venta mykje nedbør frå fredag kveld, og stigande temperatur vil føra til stor snøsmelting. Sørpeskred kan bli løyste ut i relativt slake hellingar. Prognosane syner at ytre og midtre strøk vil vera mest utsette laurdag.
- Følgjer situasjonen nøye
Kommunen har fredag sett i verk førebyggande tiltak, særleg i Balestrand. I Fjærland er Jordalsvegen stengd for å vera føre var.
- Kommunen følgjer situasjonen nøye, og vurderer kontinuerleg beredskapstiltak som er naudsynte, mellom anna på kommunale vegar og i heimetenesta, seier Ølmheim.
Me oppmodar innbyggarane om å følgja med på varsom.no og Statens vegvesen si informasjonside for vegmeldingar 175.no.