Måndag var dagleg leiar Mona Teigen Kvam og leiar av styret Dagrunn Nord inviterte til eit møte i Sogndal, men møtet var i utgangspunktet berre eit påskot. Før møtet tok møtedeltakarane seg ein tur ned mot Fjordstien. Gøymd ved Damskipskaien stod Sigrid Henjum, som representant for Gjensidigestiftelsen, med ein sjekk på 95.000 kroner til Leikanger Frivilligsentral.
Inkluderande aktivitetar og møteplassar
Mona Teigen Kvam fortel at dei vart glade for overraskinga.
- Eg er svært takksam for at me har blitt vurdert som så seriøse og gode at me blant 75 søknader fekk denne tildelinga. Det viser at kjerneverdiane til Leikanger Frivilligsentral treff, og alle ser behovet for den jobben me gjer. Kvar dag ser me etter moglegheiter for å skapa inkluderande aktivitetar og møteplassar for innbyggjarane på Leikanger, og kvar dag blir me møtt av varme, takknemlege folk, som stikk innom oss på Saften.
Saman med lag og organisasjonar
Planlegginga av SommarMoro skjer saman med lag og organisasjonar på Leikanger, og Kvam understrekar at desse er svært viktige samarbeidspartar for Leikanger Frivilligsentral.
- Gjennom dialog med dei, har me bygd opp SystrondsBUI med utstyr me tenker å samarbeida rundt. Og saman med dei skal me no planlegga SommarMoro for born og unge på Leikanger. Me har mellom anna skissert fiskekveldar (jakt- og fiskelaget), førstehjelpskurs (Røde Kors), filmkveldar, grilling, beachvolleyball med musikk og grilling. Og me ser på innkjøp av Play Stations for faste kveldar heile året, der born og unge kan ha FIFA-turneringar eller anna moro – her vil ungdomsavdelinga i kommunen vere viktige inn.
Skal vera for alle
Grunna korona har mange aktivitetar måtte settast på vent det siste året.
- Men i tett dialog med smittevernlegen, har me klart å halda møteplassen vår i Saften, RiverDal, open, og motverka ein del einsemd. Det er så kjekt å møta folk på kaffi-treffa, i skravlekroken, svangerskapstreffa og så vidare. Me legg opp til at aktivitetane i SommarMoro kan gjennomførast nesten uansett restriksjonsnivå – me tilpassar oss gjennom dei råda smittevernlegen gir før og undervegs, seier ho.
Leikanger SommarMoro er planlagt for alle – uavhengig av funksjonsnivå og andre føresetnader.
- Me håpar det skal treffa, slik at dette kan bli noko me gjer til fast tradisjon.