I strålande sommarvêr var elevar i 1.-3- klasse i gang med aktivitetar i badelaguna på Sjøkanten i Sogndal då stortingspresident Masud Gharahkhani kom innom for å få høyra om korleis dei jobbar for å inkludera barn og unge i fritidsaktivitetar i Sogndal.
Hedda Romberg er ein av aktivitetsguidane i Sogndal, som hjelper barn, unge og deira føresette med å finna ut kva aktivitetar ein kan vera med på, informasjon om treningstider, oppfølging av barn på trening og økonomisk hjelp.
- Me hjelper dei slik at dei kan bli med på aktivitetar som alt finst, fortalde ho, og kunne denne dagen kunne syna fram ein slik aktivitet: friluftsskule i sommarferien, som i år er i regi av det nystarta friluftsrådet.
Dette var første gong Masud Gharahkhani besøkte regionen som stortingspresident. Ordførar Stig Ove Ølmheim tok han med på ein runde i Sogndal og Leikanger, med frivillig arbeid, inkludering og mangfald som ein raud tråd i programmet. I tillegg til å besøka friluftsskulen, fekk stortingspresidenten sjå minnesmerket etter Arve Beheim Karlsen og høyra om arbeidet med eit undervisingsopplegg knytt til bodskapen der. Han fekk også høyra om arbeidet med å laga ei inkluderande russetid for årets russ i Sogndal. På Leikanger besøkte han skyttarlaget og brannvesenet.