Strategisk plan for nærings- og samfunnsutvikling skal setja retning for Sogndal kommune sitt utviklingsarbeid i åra som kjem.
Eit utkast til planen har vore på høyring, og i februar vart det arrangert til saman seks innspelsmøte om planen - i Balestrand, Leikanger og i Sogndal, eitt om samfunnsutvikling og eitt om næringsutvikling på kvar av dei tre stadane.
Nyskaping og utvikling
På møta vart det mellom anna diskutert kva som er viktig for å sikra nyskaping og utvikling i etablert næringsliv og kva som er viktig for dei som ynskjer å starta ei bedrift. Korleis me best kan sikra at folk vil bu og arbeida i Sogndal kommune var også tema på møta.
- Ein stor takk til engasjerte frammøtte. Me har fått mange gode innspel som me vil ta med oss i det vidare arbeidet. Denne planen skal vera eit levande dokument som er aktivt brukt, både i kommunen og for andre som er interesserte i å bidra til ei positiv utvikling. Det er viktig at folk engasjerer seg, seier Kristin Rundsveen Bøtun, leiar for komité for samfunnsutvikling i Sogndal kommune.
Gode basistenester
Tilbakemeldingane som har kome, går mellom anna på kapitaltilgang, gode møteplassar, tilgjengeleg næringsareal, lokalkunnskap i næringsapparatet, informasjon og god rådgjeving, gode basistenester frå kommunen og profilering og merkevarebygging av regionen. Innan samfunnsutvikling var det særleg arbeidsplassar og velfungerande basistenester som barnehage, skule og helse og omsorg, som vart trekte fram.
- Alle innbyggjarar bur i eit lokalsamfunn. Sogndal vil ha ein variert bustadstruktur, med Sogndal som den tydelege tettstaden og senteret for kommunen og regionen. I tillegg har me sterke delsentra i Leikanger, Kaupanger, Balestrand og Fjærland, og levande grender i heile kommunen. Føresetnaden for at folk i framtida skal ynskja å bu i Sogndal kommune er at alle desse vert opplevde som levande og livskraftige, seier Rundsveen Bøtun.