Innspela frå råda kan du sjå i opptaket frå møtet i finansutvalet i videoruta under (ca. 48.25), i denne rekkefølga: kulturrådet (ca. 48.40), aktivitets- og friuftsrådet (ca. 55.20), innvandrarrådet (ca. 59.10), eldrerådet (ca. 1.05.00), rådet for mennesket med nedsett funksjonsevne (ca. 1.18.50) og ungdomsrådet (ca. 1.24.15). Etter presentasjonane frå råda, var det ein spørsmålsrunde frå politikarane.
Finansutvalet er sett saman av formannskapet og gruppeleiarane i partia som ikkje er representerte der, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt. Hovudmålet med bruk av finansutvalsmodellen er å sikra politisk involvering og medverknad slik at den politiske leiinga får eigarskap til budsjettet som styringsverktøy.
24. oktober skal det vera ein dialogdag med kommuenstyret der råda er inviterte.
Sjå møtet i finansutvalet i videoruta under: