I sendinga får du sjå innslag frå Trudvang skule, som representant for skular og barnehagar, talar frå ordførar, russetalar og tale frå studentane. Alt er knytt saman med musikk. Sogn og Fjordane-songen avsluttar sendinga. Opptaka med unntak av innslaga frå Trudvang, er tekne opp på Sogndal kulturhus.

Du finn kommunen si felles 17. mai sending også her på Youtube-kanalen til Sogndal kommune

Musikarar ved flygel og på sang
Akiko Anazawa Seter på flygel og Bjørn Gisle Seter på song. (Foto: Jon Tvilde)

Program for sendinga

«Ved Rondane»
Tekst: Aasmund Olavsson Vinje. Komponist: Edvard Grieg

Innslag frå 1. klasse Trudvang skule

17. mai-tale av Jenny Randine Skogly, studentleiar, stadleg leiar for nærregion Sogn og Fjordane og bærekraft- og likestillingspolitisk ansvarlig

17. mai-tale av Jessica Daniele Crisera, raudrusspresident ved Sogndal vidaregåande skule

«Colors of the wind»
Frå filmen «Pocahontas»
Tekst: Stephen Schwarz. Komponist: Alan Menken
Innleiande norsk omsetting: Bjørn Gisle Seter

Innslag frå Trudvang

17. mai-tale Trygve Nyhaug, president for sygnarussen

«Til våren»
Komponist: Edvard Grieg
17. mai-tale av ordførar Arnstein Menes

«Ja, vi elsker»
Tekst: Bjørnstjerne Bjørnson.
Komponist: Rikard Nordraak 

17. mai-tale Vebjørn Abelsen Vik, svartrusspresident ved Sogndal vidaregåande skule

«Luren ljomar»
Komponist: Geirr Tveitt

Trudvang går i tog

«Ut mot havet»
Tekst: Henrik Straumsheim
Komponist: Edvard Fliflet Bræin

«Sogn og Fjordane songen»
Tekst: Ottar Wiik. Komponist: Kåre Sandvik
Opptak 2020

Musikarar: Flygel: Akiko Anazawa Seter, song: Bjørn Gisle Seter, cello: Hans Jojan Holgersson, trombone: Leif Aslaksrud

Foto, regi, redigering, klipp: Håvard Nesbø

Produsent: Jon Tvilde

17. mai-programma for bygdene i Sogndal kommune finn du her

Talen til studentleiar Jenny Randine Skogly

Kjære Sogndal, gratulerer med dagen!

Endelig er dagen her, og jeg håper alle har en fantastisk dag.

Jeg heter Jenny, og jeg sitter i Arbeidsutvalget til Studenttinget.

I min stilling så møter jeg mange mennesker. Om det er studenter eller ansatte på høyskolen, eller de som jobber i kommunen, eller om jeg bare skal en tur til fjøra.

Det som er så fint med å gjøre denne jobben i her Sogndal, er at alle menneskene jeg møter herfra har et utrolig engasjement. Alle i Sogndal er glad i Sogndal.. Vi har alle våre ulikheter, og vi kan leve vilt forskjellige liv her. Det er en av de beste tingene med denne bygda. Her kan du møte alle slags type mennesker med så forskjellig og varierende kunnskap og evner. Det er viktig å sette pris på det, og sette pris på hvor glad vi alle sammen er i bygda vi deler.

Så igjen ønsker jeg å si gratulerer med dagen! vær snille med hverandre, husk å holde til avstand og hold dere friske, og spis masse is og pølser

Talen til raudrusspresident Jessica Daniele Crisera

Kjære alle sammen, gratulere med dagen på vegne av sjølveste russen!

Det er 207 år siden Norge fikk sin egen grunnlov idag, og me e ufattelige heldige at me leve i eit så fritt og flott land, nesten som me tek det forgjeves! 

Eg og Vebjørn på vegne av heile raud og svart russen er her idag  for å representere ein så flott gjeng.

Russen i år har hatt mange utfordringer, som andre russ ikkje har opplevd. 

Vi ha måtte avlyst sjølvaste russerevyen.

Vi ha måtte avlyst russetreff/ festival / landstreff.

Vi ha måtte avlyst å gå dør til dør med bøsse for kreft tak mot kreft, ei veldig viktig sak.

Vi har måtte tatt hensyn til kem vi deler russekortet til, og kem vi henger med.  

Vi har kommet oss gjennom tre år på Sogndal videregåendeskule, og dette hadde vi virkelig ikke venta…

Det å ha så stor respekt for reglar og retningslinjer som denne ungdommen på sogndal vidargåandskule  har, det seie seg.

Men samstundes har russen Stått på

"Vi har vært tvunget til å være kreative, være omtenksomme og være den beste versjonen av oss sjølv."

Vi har prøvd å  gjort mye gøy sammen.

Ikke bare det * Og til slutt, som dere skjønner så har vi blitt en ”utrolig sammensveisa gjeng”.

Vi har prøvd å underholde oss på skulen med ulike tema dager som erstatning for revyen.

Vi har holdt oss noke lunde i mindre kohorta.

Og vi har vært veldig løsnings orienterte når det var vår tur til å gå rundt med bøsser. Ikkje for å skryte eller noke, Men me fikk nemlig samla inn 200 000 kr med å berre bruke av sosiale medier og ha eit lite arrangement mellom russen og deira følgere (typ misjon løp).

Skuleåret har vært ein berg og dalbane. Ingenting vart slik russen såg for seg at russetiden skulle bli. Vi hadde gleda oss til ei russetid der det blei masse fest og fyll, slik russetida skal være.  Ei russetid der me skulle møte nye mennesker og skape minne for livet. Noken få minner har det blitt, men ikkje så mangen som det skulle bli.

Eg håper dikkka har feirt hardt etter 13 års skulegang, og at det er ein tid di vil hugse for resten av livet.

Til slutt vil eg skryte av russekulet, eg er utrolig stolt av dikka! Nesten alt har godt mot dikkas veg. Men dikka har holdt motet oppe og prøvd å gjøre noke ut av situasjonen. Dette vise at dikka e ein sterk og suveren gjeng!

Eg vil at vi ilag skal holde fram med den gode og fantastisk jobben vi har gjort, og eg vil at det skal holde på med det så lenge det trengts.

Eg vil takke lærerene, smittevernslegen, politiet  for den fantastiske jobben Dei gjør, i ein så vansklig og utfordande situasjon! Og all ære til dikka som ha holdt ut med meg alle dissa åri, det står ivertfall stor respekt for.

Eg håpe dikka for ein strålendes dag til tross for omsendingene

Til slutt vil eg gi ei liten oppfordring til alle dikka som høyrer eller ser på på vegne av russen  :

Eg håper dikka Fortsett å ta dette på alvor sjølv om landet opner seg litt etter litt.

og om me ikkje tar dette på alvor vil det gå i feil rettning. Eg håper dikka passer på hverandre og  hugs at kvar dag er ein gave!

Hold minst ein meter

Vask henda

Og tenk på kor og kem du har vært med

Vis alle gjør sitt for at detta skal gå så fort som mulig så for vi kvardagen tilbake endå fortare.

Jeg håper vi kan bruke vårt ungdommelige mot og iver til å forandre verden, for det trengs.

Jeg håper vi kan lære noe nytt hver dag. Jeg håper vi kan gjøre en forskjell for folk rundt oss. Nå har vi feiret litt og vi russen teke resten som ei dugnad for folket,  det har di fortjent.

Tusen takk igjen og gratulere med dagen.

 

Ordføraren talar i bunad på kulturhuset
Ordførar Arnstein Menes. (Foto: Jon Tvilde)

Talen til ordførar Arnstein Menes

Kjære alle saman!

Gratulera med dagen!

Ja, vi elsker dette landet som det stiger frem. I dag feirar me for andre år på rad nasjonaldagen vår på ein litt spesiell måte. Ein dag me skal minnast vår historie, tenke over korleis me har det og tenkje over kva fred, fridom og demokrati betyr for oss. 17. mai er ei samling rundt felles verdiar som gjev dei fleste av oss glede og tryggleik. Ei markering av at me set pris på det som tidlegare generasjonar har skapt og det me har i dag. Me feirar at kloke og framsynte folkevalde nokre hektiske vårdagar i 1814 hindra at me vart levert som krigsbyte frå Danmark til Sverige. Samstundes slo dei fast at folkesuverenitetsprinsippet skulle gjelde. Folk sin rett til å styre seg sjølv, gjennom leiarskapet me sjølve vel – kjernen i demokratiet. Ideen om fridom , likskap og brorskap vart grunnpilarane for den nye grunnlova som vart utforma 17. mai 1814.

Me er sakte, men sikkert, på veg til å bli ein kommune. Både i fjor og i år er det tydeleg at tradisjonane er sterke i alle delar av kommunen for korleis ein feirar 17. mai. Eg håpar og trur at me neste år skal få feira på meir tradisjonelt vis. Nokre arrangement måtte avlysast, men kreativiteten blomstrar når grendene våre for andre året skipar i stand alternative aktivitetar.

Då me laga ein ny kommune kunne me risikert at avstanden mellom dei folkevalde og innbyggjarane berre vart større, men gjennom etablering av fleire råd, brei medverknad i kommuneplanarbeidet og politisk vilje til å satse på heile kommunen har me og von om å styrka lokaldemokratiet.

Som politikarar har me vedteke visjonen til kommunen, nemleg «Livskvalitet og utviklingskraft i Sogn». Det å få alle delar av kommunen med i bygginga av ny kommune har vore sentralt i produksjonen av ny samfunnsplan for kommunen. Kommunen har fått mange gode innspel og kommunestyret skal i juni vedta planen som set retning. Dette vil vera grunnsteinen for korleis kommunen vår skal utviklast vidare. Statistisk sentralbyrå gjev oss gode framtidsutsikter. Det har likevel kome tydeleg fram i dei fem temasamlingane om oppvekst, aktiv livsstil, regionsamarbeid, fruktbare tettstader og kompetansemiljøa våre, at det likevel er opp til oss sjølve om me skal lukkast.

Demokratiforståing og demokratiutvikling må stå sentralt for våre barn og unge. Respekt og omsorg for kvarandre er kjenneteikn på eit godt samfunn.  Fyrste temasamling handla om korleis me forvaltar framtida best for dei som kjem etter oss, nemleg «Best på oppvekst» – dei som veks opp i Sogndal skal oppleve å vekse opp som trygge og aktive barn og unge med meistringsglede, vere rusta til å møte livet, ha mot til å leve, mot til å bry seg, mot til å sei ifrå og mot til å ta eigne val

Men det er skyer på den demokratiske himmelen. Det tabloide, den raske og overflatiske kunnskapsformidlinga. Sosiale media der sant og usant er vanskeleg å skilja – det stiller krav til oss politikarar, media og ikkje minst veljarane. Samstundes gjev og sosiale media nye og fine kommunikasjonsmoglegheiter – ein enkel måte å uttrykke sin meining på – det har vel og sin verdi?

Dei beste løysingane på lokalsamfunna sine utfordringar finn me saman. Det er mange flinke folk i kommunen som gjer ein fantastisk innsats. Eg vil nytta høvet til å takka alle tilsette i kommunen for den jobben de gjer kvar einaste dag for å gje oss gode tenester. Også i vår kommune er ein del blitt smitta av coronaviruset, og det kan ofte vere små marginar når ein blir smitta og den andre ikkje. Eg vil gje ros til alle i kommunen vår for at de har vore flinke til å fylgje dei råd som til ei kvar tid har kome frå sentralt eller frå vår eiga kriseleiing. Me er heldige som har hatt ein røynd smittevernlege som har gjeve oss tydelege og gode svar. No handlar det om ein siste innsats før me alle er vaksinerte.

Kvardagen er annleis under ein pandemi. Men fridom og sjølvstende, desse verdiane som denne dagen byggjer på. Forstår vi det? Mot til å leve, mot til å bry seg? Har me gjennom dette siste året fått ei lita oppleving av ufridom, det å ha avgrensa kontakt med andre. Ingen soldatar i gatene, ikkje redsel for å bli kasta i fengsel, men likevel – kanskje forstår me litt meir om kva fridom faktisk er. Me ser endå ikkje alle konsekvensane pandemien vil gje for framtida vår, kva det vil bety for våre lokalsamfunn.

Kjære innbyggjarar i Sogndal kommune. Det er på dagar som denne me saknar folkelivet – me ynskjer so gjerne at samfunnet og møteplassar etter kvart kan opna opp. Likevel, det er i dag ingen grunn for å droppe kaker og is.

Barneleik er noko av det kjekkaste eg ser på – korleis dei oppdagar at samarbeid gjer leiken betre. Det håpar eg gjeld for kommunen vår og framover. Evne til å snakke saman og finne løysingar for framtida. Når me no skal satsa på livskvalitet, skaparkraft og miljømedvit i den nye kommunen so må me engasjera. I mangfaldet av folk som bur i kommunen finst det kompetanse, erfaringar og engasjement som kan bidra til endå betre løysingar. Saman skal me utvikla kommunen vår vidare. Lat oss forvalte det me har fått frå våre forfedre, enten det no er jorda, verdiane eller demokratiet, på ein god måte. Eg har tru på kommunen. Eg har tru på framtida. Gratulera med dagen!

Talen til svartrusspresident Vebjørn Abelsen Vik

Kjære medruss. Gratulera med dagen. Tusen takk for at dikka har gitt meg moglegheiten til å representera ein så flott gjeng som dikka.

Eg er utruleg stolt over det gode arbeidet og samarbeidet me har hatt oss imellom. At me har klart å få til ein så fin og inkluderandes russetid, sjølv i desse vanskelege tider. Corona situasjonen har gjort det vanskeleg å være russ. Me har ikkje kunne festa i store grupper, me har ikkje kunne gå i russetog, og me har ikkje fått den russetida me har draumt om så lenge. Men sjølv om me ikkje har fått det heilt som me ville, har me gjort det beste ut av det. Me har funne nye måtar å festa på. Istadenfor å samla store folkemengder i nedslitte partytelt, har me vært kreative og benytta oss av tryggare alternativ. Nokon har valt å kjøpe van og samla vennane sine der. Andre har vendt seg til dei trofaste rånarane våre, og blitt med på den blomstrande rånekulturen vår. Sjøv til nokon sin fortvilelse. Men russetida er ikkje berre fest og fyll, det handlar også om nokre kjerneverdiar, som me virkeleg har fått kjent på i år. Det handlar om å ta vare på dei rundt oss, vise hensyn og passe på kvarandre. Det handlar om å markere slutten vår på 12 og 13 års skulegong og begynnelsen på ein ny fase i livet vårt.

Er det ein ting corona pandemien har lært oss så er det å ikkje ta friheita vår forgeves. For mange er friheit det å kunne gjere det dei vil. Dette er noko coronapandemien har slått hardt ned på. Men er det noko anna mange vil, så er det at alle skal ha det bra. Derfor har me alle satt friheiten vår på vent, for å hjelpe felleskapet. Det har også lært oss å sette pris på dei små tinga i livet. At me kan springa fritt rundt i dei fantastiske fjellheimane våre, og gå frå å møte venanne våre på to til ein meters avstand. Me har kanskje mista friheita vår til å gjere det me vil, men me har fått friheita til å tenke på andre. Og vårt dugnadarbeid har ikkje vore for gitt! Me har vore veldig heldige og ikkje hatt så mange tilfelle her i Sogndal, noko me burde vera takknemmlege for. Me har klart å sette samfunnet sine behov framføre våre eigen, noko me burde vera veldeg stole øve. Me er ein fantastisk god gjeng her i Sogndal.

17 mai feiringa er i gang, sjølv om den ikkje er slik som alle skulle ynskje den var. Ein kan dessverre ikkje sjå eller vera med i det flotte 17 mai toget, som pleide å vandra gjennom den vakre bygda vår. Me får kanskje ikkje samla alle me skulle ønskt. Men me gjer det beste ut av situasjonen. Eg vil minne russen på at me gjer ein utruleg viktig jobb denne dagen. Dei svarte, raude og blå buksane våre gir farge og liv til den flotta bygda vår, og minner oss alle på kor heldige me er som bur i dette landet. Russen er med på å representere den friheita dei har med å skapa den framtida dei ynskje å vera ein del av, og det ansvaret dei har for at neste generasjon skal få det like bra. Friheita som me har til å ta dei vala me tar, fordi me er så heldige som vokste opp i Norge.

Til slutt vil eg takke politiet og smittevernslegen for det gode sammarbeidet, og moglegheita til å gjere noko ut av russetiden. Takk til alle som er med på å skape det gode og trygge miljøet med har her i Sogndal. Me er veldig heldige som har vekse opp på ein så fin plass, med så mange gode menneskje som er så flinke til å ta vare på kverandre. Og heilt til slutt, vill eg ynskje all russ lykke til videre. Måtte me ta kloke val, og se tilbake på russetiden med eit stort smil. Eg håper alle og ein kvar får ein god 17 mai feiring. Gratulerer så mykje med dagen!