Målet med prosjektet var å betra bruken av beiteressursar, som vidare skulle føra til at nedgangen i jordbruksareal og i sauetalet stoppa.
Prosjektet har fått tilskot frå Fylkeskommunen gjennom ordninga tilskot til regionale tilretteleggingstiltak.
No er prosjektet avslutta, og vi vil gi ei særskilt takk til Johannes Gunvordal i NSG, samt til Marit Henjum Halsnes og Åse Leirgulen hjå Norsk landbruksrådgiving for god innsats i prosjektet.
Det er gjennomført ei rekkje samlingar med markdagar, fagmøte før lamming, fjøsmøte osb. Samlingane er avvikla i Balestrand, Leikanger, Sogndal og Fjærland. På møta har kommunen, rådgivartenesta, veterinærar og bøndene sjølve bidrege til spreiing av viktig kunnskap.
I avsluttinga av prosjektet har vi lagt fram statistikk som viser utviklinga i sauetalet i kommune, samt utviklinga i tal dekar jordbruksareal.
Tabellen under viser utvikling i tal sau over 1 år, tal mjølkegeit, tal sauebønder og tal mjølkegeitbønder i Sogndal kommune.
2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | |
Tal sauer over 1 år | 8118 | 7883 | 8154 | 8216 | 8361 |
Tal mjølkegeiter | 485 | 488 | 498 | 498 | 493 |
Tal føretak med sau | 130 | 125 | 121 | 124 | 124 |
Tal føretak med mjølkegeit | 4 | 4 | 4 | 4 | 4 |