I Sogndal kommune brukar me finansutvalsmodellen, som betyr ei sterkare politisk involvering og styring i budsjettprosessen enn i mange andre kommunar.
Finansutvalet er sett saman av formannskapet og gruppeleiarane i partia som ikkje er representerte der. Hovudmålet med bruk av finansutvalsmodellen er å sikra politisk involvering og medverknad slik at den politiske leiinga får eigarskap til budsjettet som styringsverktøy.
Møtet torsdag er fjerde møtet i finansutvalet i år, og det første etter valet. Møtet vil bli nytta til folkevaldopplæring og til dialog om budsjettprosessen.
Endeleg budsjett vert handsama av formannskapet 30. november og kommunestyret 14. desember.
Saklista og sakspapira finn du i møtekalenderen
Møtet i finansutvalet kan du sjå i opptak i videoruta under: