- Eg forstår at mange er bekymra når det er smitte i vår kommune, og me i tillegg ser kva som skjer med korona både i landet og i verda. I kriseleiinga i kommunen har me god dialog med Folkehelseinstituttet og Statsforvaltaren, og følgjer råda dei gjev oss. Me er òg oppteken av god informasjon til innbyggjarane, seier varaordførar Vibeke Johnsen.
Det viktigaste me kan gjera for å beskytta oss sjølve og andre mot smitte, er å følgja dei nasjonale smittevernråda og -reglane: Ta vaksina, halda avstand, halda oss heime ved symptom og ha god hand- og hostehygiene.
På regjeringen.no finn du oversikt over nasjonale råd og reglar