Kvar fredag i adventstida har me hatt eit spørsmål her på nettsida til kommunen, og denne fredagen får du den fjerde oppgåva. Du kan senda inn svaret på e-post og vera med i trekninga av ei flott Sogndal kommune-drikkeflaske frå Sogndal ressurssenter.
Fristen for å senda inn svar er tysdagen i veka etter, og me trekkjer ein premie kvar veke, til saman fire premiar.
Fjerde oppgåve:
Ved kva tettstad i kommunen finn me dette busskuret?
Send inn svaret på e-post til nettsida@sogndal.kommune.no seinast 1. januar.