Rådet drøfta denne kvelden ulike område dei ynskte å engasjera seg i framover.
Arbeidet med kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv vert eit hovudområde. Her vil melom anna kommunen sine prioriteringar for anlegg og spelmiddeltildeling bli avgjort.
Ein ynskjer også å få større fokus på auka aktivitet i tillegg til anleggsutvikling. Rådet ynskte også å engasjera seg i andre saker og planar som kan ha betydning for korleis innbyggjarane kan utøva fysisk aktivitet og friluftsliv i kommunen vår.
Rådet var også opptekne av å kunne ha ei sentral rolle i å få på plass gode retningsliner for rammepotten på 500.000 kroner som kommunestyret sette av til nærmiljøanlegg i budsjettet for 2020. Denne ordninga håper rådet at kommunen kan få i drift tidleg haust slik at den kan koma til nytta til gode tiltak allereie i løpet at 2020.