Ungdomsrådet samla ved tinghuset på Leikanger. Frå venstre: Gabriel Skjulhaug Yttri (kommunestyret sin representant), Trygve Grønsberg, Isabelle Norstein-Prince, Emma Valvik Yttri, Kornelius Haugen (leiar), Arnstein Menes (ordførar),Sander Fjærestad (varamedlem), Olav Åm Risa, Maylinn Flikki, Liva Åsnes Skjerdal, Emma Steinsland Hamre, Idunn Auestad (nestleiar) og Ingrid Hovlid. Forfall til møtet blant faste medlemmar: Ariana Fjærestad, Synne Sellereite Målsnes og Marcus S. Veum. (Foto: Ole Gunnar Krakhellen)
Sogndal ungdomsråd hadde sitt første møte 10.06.20. Det var ein engasjert ungdomsgjeng som var samla, og dei var raske til å engasjera seg i aktuelle saker som lokalisering av NAV-kontor og utvikling av Sogndal kulturhus.
Rådet konstituerte seg og valde Kornelius Haugen (Fjærland) som leiar og Idunn Auestad (Sogndal) som nestleiar.
Ordføraren orienterte litt om det politiske systemet i kommunen, og lova at ungdomsrådet skal vera tett på prosessane. Ordførar og varaordførar skal mellom anna ha møte med leiar og nestleiar i ungdomsrådet to gonger i året.
Ungdomsrådet vil svært gjerne delta i arbeidet med å utvikla Sogndal kulturhus, og valde ei arbeidsgruppe med Sander Fjærestad (Balestrand), Liva Åsnes Skjerdal (Leikanger) og Idunn Auestad (Sogndal) til å bidra i prosessane vidare.