I det første møtet for det nye innvandrarrådet fekk alle mogelegheit til å koma med innspel til kva rådet kan jobba med. Medlemmane i rådet kom fram til følgjande kjernesaker:

  • Språkopplæring
  • Tidlig arbeid – unngå sosialhjelp/passifisering i starten og bidrar til å læra norsk
  • Aktivitetar for alle og spesielt for eldre utan rett til norskopplæring og arbeidsretta oppfølging
  • Informasjon tilpassa målgruppa - både om rettigheter/plikter og kva som skjer i lokalsamfunnet
  • Psykisk helsehjelp til nyankomne flyktningar

Rådet skal fungera som eit rådgjevande organ for kommunen. Rådet kan i tillegg og på eige initiativ ta opp saker som vedkjem til dømes tenester som har betydning for innvandrarar, flyktningar og arbeidsinnvandring i kommunen.
Rådet har rett til å få informasjon om alle saker som har betydning for målgruppa. Den viktigaste oppgåva rådet har, er å gje signal til politikarane om alle flyktning- og innvandringsrelaterte spørsmål.

I møtet vart det peika på at rådet kan vera ei bru mellom kommune og innvandrarane. Det er venta at rådet er med på å løfta utfordringar og bidreg til å finna løysingar.

Medlemmar i innvandrarrådet 2024-2027