Kommuneleiing, styrarar, tillitsvalde og verneteneste evaluerte torsdag 23. april oppstarten, og tilbakemeldingane var at dette stort sett har gått bra. Det gode vêret har hjelpt oss mykje.
Barnehagane har løyst oppdraget lokalt og teke nærområdet i bruk. Mange barn har vore endå mykje meir ute no enn tidlegare, i små faste grupper kalla kohortar. Det har vore stor gjensynsglede med barnehagebarna, og barnehagane har vorte fylte av liv att, med litt nye reglar.
Me opplever også veldig godt samarbeid med føresette, og set stor pris på alle hyggelege tilbakemeldingar.
Rutinar med reinhald og hygiene har vorte innførte, og ein av barnehagane melder om at dei eldste ungane er flinke å passe på at ikkje dei «raudprikkete greiene» skal vere på hendene og ting me leikar med.
For å sikre at det er nok vaksne til dei små gruppene har me hatt sju timar opningstid. På denne måten har dei tilsette også hatt litt tid før og etter opningstid til å sikre at alt er som det skal vere. Me har konkludert på at me vil ha sju timar opningstid også 27.-30. april. Slik sikrar me at me klarar å følgje opp rutinane og barna. Me er også her takksame for godt samarbeid med dei føresette.
Me ynskjer god helg frå barnehagane med litt innblikk frå nokre av barnehagane sine aktivitetar med turar i skog og fjøre, turbingo, mat ute, sauer med lam – mange fine dagar og aktivitetar.