Tid: Måndag 16. desember 17.00-18.15  

Stad: Sogndal vidaregåande skule, Trollasalen 

Undervegs i møte vil vi med digitale løysingar ta i mot innspel og spørsmål frå salen. Dette vil vere starten på prosessen med å utvikle den endelege løysinga for korleis skulebygget blir ved innflytting august 2027. 

Tilsette ved skulane i Sogndal sentrum er invitert til tilsvarande møte same dag. 

Elevane ved skulane i sentrum vil få ein kort presentasjon i klassane før jul og vil arbeide meir inngåande med medverknad og samspel i vår og i tida fram mot ferdigstilling. Likevel er sjølvsagt alle born velkomne på folkemøte for å sjå presentasjonen av sin nye skule.  

Program:

Kl. 17.00: Velkommen

Kl. 17.05:  Prosessen ved Frode Grøttebø og Tage Rickard Sundell:

  • Samskaping og visjonsbok
  • Konkurransegrunnlag 
  • Juryen sitt arbeid 
  • Valt leverandør og karenstid 

Kl. 17.20: Presentasjon av "Høgt og lågt - læring i rørsle", løysing for skule og basis- og fleirbrukshall.

Kl. 17.45: Prosessen vidare 

Kl. 18.00: Spørsmål og innspel frå salen. Representantane frå tilbydar og administrasjonen svarar på spørsmål og tek imot innspel.

Sogndal kommune sender møtet direkte på nett-TV i samarbeid med Kent Fimreite i Hallo Sogn. Møtet kan du sjå i opptak i videoruta under: