Møtet var planlagt å finna stad på Kaupanger skule, men grunna stor interesse, vert møtet flytt til Quality Hotel Sogndal. Møtedag og tidspunkt er det same, onsdag 12. august klokka 18.00.
Sogndal kommune vil orientera om status for planarbeida, kommunen sine vurderingar av planarbeida og vegen vidare for planarbeida. Me ynskjer innspel på framtidig utvikling av Amla.
Av omsyn til smittevern, må det praktiserast skriftleg påmelding. Frist for påmelding var onsdag 5. august.
Har du ikkje har høve til å ta del på folkemøtet, kan du retta innspel per e-post til asmund.veigel.gaukstad@sogndal.kommune.no.
Møtet blir overført direkte på nett-tv i samarbeid med Kent Fimreite i Hallo Sogn. Møtet kan du sjå i videoruta under: