Foreldrebetaling i barnehage
Siste informasjon om foreldrebetaling var at faktura for mars skal betalast. Det blir betalingsfri for april. Faktura blir send for mai månad, den skal alle betala. Den har fråtrekk for kostpeng. Eventuelt avvik i foreldrebetaling grunna den usikre situasjonen, vil bli retta opp i junifakturaen.
For behandling av fritak for foreldrebetaling ved at barna ikkje nyttar barnehagen, gjeld vedtektene for barnehagane.
Husstandar som har fått vesentleg og varig endring i inntektsgrunnlaget, kan søkja om redusert foreldrebetaling. Dokumentasjon på ny skattepliktig inntekt skal ligga ved søknaden. Søknadsskjema og meir informasjon finn de under Barnehage på kommune si heimeside.
Foreldrebetaling i SFO
Fakturering for SFO er utsett denne månad, og det vil koma meir informasjon så snart me har ei løysing.