- Det er veldig kjekt at så mange syner interesse for stillinga, og me har difor valt å forlenga søknadsfristen, seier Joakim Systaddal, tenesteleiar for nærings- og samfunnsutvikling i Sogndal kommune.
Før helga vart denne stillinga presentert på nettsidene til Framtidsfylket som ein av dei mest spennande i fylket. Søknadsfristen var opphaveleg sett til i dag, 10. juni, men no får aktuelle søkjarar sjansen til å senda inn søknad fram til 15. juni, som er den nye søknadsfristen.
- Interessa syner at stillinga er attraktiv, og det er sjølvsagt utruleg moro. Me gler oss veldig til å finna den rette personen som skal vera med og løfta Sogndal vidare.
Meir informasjon om stillinga finn du her på nettsida til kommunen.