- Målet er meir lesing i bøker og mindre TikTok, fortalde rektor Ivar Husum då dei hadde formannskapet innom på skulen torsdag 5. desember.
Formannskapet hadde denne dagen lagt møtet til Leikanger barneskule, og starta møtedagen med ei orientering frå rektor, SFO-leiar og representantar frå elevrådet.
Leseglede
Rektor kunne fortelja at dei har leseglede som satsingsområde ved skulen. Dei har rydda på skulebiblioteket, fått lesehus og kjøpt inn nye bøker etter ønske frå elevane. Tilsette har vore på kurs, og skulen har fått midlar frå Dekomp (Desentralisert ordning for kompetanseutvikling) til prosjektet.
Husum kunne fortelja politikarane at prosjektet hadde skapt entusiasme.
Elevrådet
Representantane frå elevrådet fortalde at dei jobbar med fleire prosjekt for å gjera det endå det betre å vera elev ved skulen. For politikarane lista dei opp:
- Overbygg utanfor mediateket der dei skal ha spel og aktivitetar
- Fleire sykkelstativ
- Få opna skogsområde bak skulen for leik
- Korleis ein skal vera med kvarandre
- Trafikktryggleik
«Verdas beste elevar og tilsette»
På Leikanger barneskule er det 204 elevar, og talet på elevar har auke med 22 sidan i haust. Skulen har no 14 elevar frå asylmottaket på Leikanger. Det er 112 elevar ved skulen som går på SFO, og både rektor og SFO-leiar, Siri Randen, rosa dei tilsette som har ein krevjande kvardag.
Dei trekte fram utfordring med rekruttering, vikarbruk, og rektor understreka særleg kor stor nytte dei har av merkantil ressurs ved skulen.
Rektor nytta også moglegheita til å snakka varmt for både Saften-prosjektet og badebasseng på Leikanger då politikarane var innom skulen. Og ikkje minst fekk han understreka: «Ved Leikanger barneskule har me verdas beste elevar og verdas beste tilsette!»
Høyr innlegga frå elevrådet, rektor og SFO-leiar i starten av opptaket frå formannskapsmøtet: Møte i formannskapet 5. desember på Leikanger barneskule