Difor tok barnehagen turen til Tinghuset i håp om å få sjå korleis dei vaksne røystar, og kanskje også få helsa på ordføraren. Barna fekk fortelja om kva dei hadde lært, blant anna hadde dei fått med seg at Jonas var leiar for Arbeidarpartiet og at sjefen for Norge heiter Erna.
- Eg tykkjer det er bra at barnehagen nyttar høvet til å læra dei om val og demokrati, og det var kjekt å sjå at ungane var så nyfikne og interesserte når dei var her, seier ordføraren.
Val i barnehagen
Tidlegare på dagen hadde ungane sjølve fått prøva seg som veljarar i barnehagen.
- Om me skal på tur brukar me ofte gje ungane to val og så stemmer me, på denne måten nyttar me demokratiske prinsipp i barna sin kvardag, seier Camilla Njøs.
Dei tilsette hadde gjort ei utval med fire parti slik at det skulle bli enklare for borna å halda oversikten.
- Me måtte gjera det litt enkelt for ungane, og så presenterte me vaksne eitt parti kvar med ein setning som ungane kunne kjenna seg att i og stemma på.
Knipen siger
Før dei skulle stemma, fekk borna utdelt valkort med namn, og medan dei venta i køen fekk dei servert plommesaft, som må seiast å vera god sørvis til eit vallokale å vera. Så fekk dei koma inn i valavlukket der dei gav si stemme, før dei til sist fekk leggja stemmesetelen i postkassen som fungerte som urne. To av gutane fekk ansvaret med å telja opp stemmer som dei kryssa av på ei tavle.
I barnehagen vann Arbeidarpartiet med ei stemme over Høgre, så får me andre venta til sjølve kvelden med å sjå kva resultatet i stortingsvalet vert.