Det er måndag meldt om jord-, sørpe- og flaumskredfare på gult nivå for Vestland, og betydeleg snøskredfare (orange nivå) i Indre Sogn. Kommunen følger med på utviklinga i farevarselet.

Det har vore mange skredhendingar i helga og vassmettingsgraden i bakken og i snøen er framleis høg. Det er venta meir nedbør frå måndag ettermiddag. Bratte skråningar, og bekkar og elveløp med stor vassføring er spesielt utsette. Sørpeskred blir løyste ut i relativt slake hellingar der vatn blir samla opp. Går skreda i bekkløp, kan dei utvikla seg til flaumskred. Meir informasjon finn du på varsom.no.

Sogndal kommune melde søndag frå til innbyggarane i Balestrand at dei måtte bu seg på at det kunne bli sett i verk evakuering i løpet av dagen. Utviklinga av vêrsituasjonen søndag ettermiddag og kveld, gjorde at det ikkje vart naudsynt. Dette gjeld framleis måndag. Vêrsituasjonen ser ut til å betra forholda, men farevarselet for snøskred ligg framleis på orange nivå også for måndag og tysdag.

I Fjærland og Balestrand er det stengde vegar grunna skred som gjekk i helga. Følg med på vegmeldingssida 175.no for oppdatert informasjon.