– Sogndal har vore ein strålande stad å arrangera landstinget vårt, og me har blitt tatt veldig godt imot. Varaordførar Vibeke Johnsen tok LNK-styret med på ei omvising på Fjordstien og i Sogndalsfjøra onsdag kveld, og under opninga torsdag heldt ordførar Arnstein Menes ein inspirerande opningstale der han fortalde om utfordrarbygda Sogndal. Utviklinga i Sogndal imponerer, seier Svein Olav B. Langåker, dagleg leiar for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

Møteplass

Landstinget til LNK blir arrangert annakvart år og skal vera ein møteplass for nynorskkommunane. Målet er at landstinget blir ein framtidsverkstad for nynorsk i kommunane.

Deltakarane på årets samling fekk mellom anna tips til korleis kommunane kan nå dei unge, eit innblikk i korleis språkteknologi kan hjelpa nynorskkommunane og ei språkpolitisk ønskjeliste for lokalvalet 2023.

– Det var òg svært inspirerande å høyra administrerande direktør ved Lerum, Trine Lerum Hjellhaug, snakka om saftbygda Sogndal – og korleis dei bruker sogndalsidentiteten og nynorsk i marknadsføring, seier Langåker.

Andre dag av konferansen vart opna med ein helsingstale frå kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik, som tykte det var veldig kjekt å bli invitert til landstinget i Sogndal.

Kulturinnslag

I tillegg til det faglege programmet, vart det også halde årsmøte under landstinget på Quality Hotel Sogndal.

På landstinget møter både politikarar og tilsette i kommunar og fylkeskommunar.

Deltakarane på samlinga i Sogndal fekk også med seg kulturopplevingar. Artisten Gunn Kvaale frå Sogndal stod for den kulturelle opninga torsdag, medan ein tur på Sogndal kulturhus stod på programmet litt seinare på dagen.

– Sogndal kulturhus tok raust mot oss og heldt ein minnerik konsert med Stig Ulv torsdag kveld, fortel Langåker.

Nettstader og kurs

Landssamanslutninga av nynorskkommunar markerer i år 30-årsjubileum. LNK skal leggja til rette for at medlemmane kan vera aktive og stolte nynorskbrukarar og medvitne i språkspørsmål. LNK driv nyhende- og debattavisa for unge, Framtida.no, og nett- og papiravisa Framtida Junior, med barn som målgruppe. Leselystsatsinga Lesedigg vart starta av Framtida Junior, saman med mellom andre Nynorsk kultursentrum og Nynorsksenteret.

LNK tilbyr også kurs for barn og unge i samarbeid med bibliotek og litteraturhus, og språkkurs for tilsette i kommunar og fylkeskommunar. Fretland & Fretland i Lærdal held språkkursa, og Sogndal kommune er mellom dei som nyttar seg av dette tilbodet.

– ​Det var veldig kjekt at LNK kom til Sogndal. Språk skaper identitet, og Sogndal ligg i hjarta av nynorsk-området, seier ordførar Arnstein Menes.